Var det ein del som såg det svenske programmet om dei mest sannsynlege grunnane til at menneska kan utslettast? Programmet har vore synt minst ein gong før og er i to delar. Det er engelskspråkleg og difor tydelegvis mynta på eit internasjonalt publikum.
Dei fem minst sannsynlege grunnane til menneskeslekta kunne gå under var stort sett naturlege og kom i fyrste episode. Dei fem mest sannsynlege var stort sett menneskeskapte og kom i andre episode. Eit av undergangsscenaria frå andre episode var at jorda kunne verta slukt av eit svart hol laga i Cern.
Forskarane ved Cern forsvara seg med at dette var noko som naturen hadde drive med i 4,5 milliardar år, og at det difor ikkje er noko farleg. Det er utan tvil eit godt argument. Eg nyttar eit tilsvarande resonnement for å forklara at utslepp av CO2 ikkje er farleg.
Spørsmålet er berre: Er dette sant? Skjer det verkeleg høgenergikollisjonar på nivå med det som dei driv med i Cern på dagleg basis i solsystemnet vårt?
Lat oss sjå litt på kva som ligg i potten dersom dette går gale: Forsøka i Cern går ut på å prøva å laga bittesmå svarte hol. Teorien er at slike hol vil fordunsta med ein gong, dei vil ikkje ha noka nemnande levetid. Problemet er at dette er eit hypotese i ingenmannsland mellom relativitetsteori og kvantefysikk. Det er denne hypotesen ein vil testa med eit forsøk.
Sett at det går gale, sett at det vert danna eit svart hol som ikkje fordunstar slik teorien tilseier at det truleg vil gjera. Sett at dette holet har så liten fart at det vert fanga av jorda sitt gravitasjonsfelt. Då kan det enda opp inne i sentrum av jorda, og vil gradvis eta jorda opp innanfrå. Dette var skrekkscenariet som vart presentert i programmet.
Nokon hadde saksøkt Cern på grunn av denne risikoen. I tilfelle det går gale snakkar me om det ultimate brotsverk i verdshistoria. Eigentleg sprengjer det råmene for all juss, så søksmålet slik sett vert ganske parodisk: Me snakkar om det ultimate massemordet, drap på samtlege menneske på jorda. Me snakkar om det ultimaste tjuveriet, tilinkjegjeringa av all eigedom på jorda. Me snakkar om det ultimate brotet på mellomstatleg rett, tilinkjegjegjeringa av alle statar på ein gong. - Så sant ein ikkje i tide får etablert ein fluktveg ut i verdsrommet, til Mars eller liknande.
Eg er tilhengjar av å gjera forsøk og finna ut av ting, men dersom forsøket handlar om å sjå kor vidt jorda vil gå under eller ikkje, er eg tilhengjar av å lata forsøket vera og heller leva med at akkurat dette fann me aldri ut.
Spørsmålet til dykk her på forumet er altså: Er det sant at liknande høgenergikollisjonar er vanlege i naturen, eller er det ei potensiell dommedagsmaskin som surrar og går i Cern?