Skrevet av Emne: Lukke til med nytt styre  (Lest 939 ganger)

0 medlemmer og 1 gjest leser dette emnet.

Utlogget Ingvar Åberge

  • Innlegg: 305
Lukke til med nytt styre
« på: 06. desember 2016, 04:20:42 »
Eg har fått ein e-post om at det er valt eit nytt styre for Skepsis. Eg ynskjer Øyvind Ertsås, Guro Michaelsen, Morten Guldberg og Ingvild Tinglum Bøckman lukke til. Eg vonar at det nye styret vil finna viktigare saker å jobba med enn å kjempa mot klimaskeptikarar. Ei sann skeptisk haldning vil sjølvsagt seia at ein stiller seg skeptisk til alt som vert ytra i klimadebatten, same kva side det kjem frå. Ein kan ikkje berre stilla seg skeptisk til det klimaskeptikarane seier.

Foreininga bør også tenkja kritisk gjennom kva rolle organisasjonen tek på seg i kampen mot konspirasjonsteoriane. På den eine sida er det reelt farlege konspirasjonsteoriar ute og går som det er eit ansvar for oss som oppegåande samfunnsborgarar å kasta kritisk lys over. På den andre sida er det ikkje til å koma frå at det finst og alltid vil finnast ei stor gråsone mellom sunn samfunnskritikk og ville konspirasjonsteoriar. Ved å føra kampen mot konspirasjonsteoriane for langt inn i denne gråsona står organisasjonen i fare for å undertrykkja ein fri samfunnsdebatt og dermed kritisk tenking.

Utlogget kingvald

  • Innlegg: 1.917
Sv: Lukke til med nytt styre
« Svar #1 på: 06. desember 2016, 04:47:19 »
Eg vonar at det nye styret vil finna viktigare saker å jobba med enn å kjempa mot klimaskeptikarar.
Nå må man i god skeptisk ånd innrømme at det kan finnes viktigere saker, men uansett må kampen mot klimaskeptikernes ødeleggende misinformasjon definitivt regnes blant de absolutt viktigste for tiden.

Kjell Ingvaldsen

Utlogget Ingvar Åberge

  • Innlegg: 305
Sv: Lukke til med nytt styre
« Svar #2 på: 09. desember 2016, 18:33:28 »
Eg må faktisk seia at eg på ein måte er litt samd med Ingvaldsen. I den grad klimaskeptikarar driv med misinformasjon er det for så vidt rett at det er viktig å kjempe mot dette. Og det skjer jo rundt oss over alt der klima vert debattert. Ein kan til dømes seia mykje om FrP-arar, men stor kompetanse på klima har dei sjeldan, sjølv om engasjementet til tider er stort og sluttkonklusjonen ikkje reint sjeldan er nokon lunde rett.

Likevel, ei ekte skeptisk haldning førset at ein rettar det skeptiske søkjelyset begge vegar. Og eg kan ikkje nekta for at eg meiner det er verre når vitskapsfolk driv med misinformasjon enn når "mannen i gata" gjer det. Dei fyrstnemnde har betre føresetnader for å vita kva som er rett, og det dei vert tillagt større vekt enn vanlege folk sine utsegner.

Utlogget kingvald

  • Innlegg: 1.917
Sv: Lukke til med nytt styre
« Svar #3 på: 09. desember 2016, 21:45:48 »
Hvorfor videreformidler du da så ivrig den misinformasjonen fra villedende vitenskapsfolk, Ingvar?

Kjell Ingvaldsen

Utlogget kingvald

  • Innlegg: 1.917
Sv: Lukke til med nytt styre
« Svar #4 på: 09. desember 2016, 22:31:58 »

Utlogget Ingvar Åberge

  • Innlegg: 305
Sv: Lukke til med nytt styre
« Svar #5 på: 15. desember 2016, 00:24:41 »
Artikkelen i Dagbladet fortel at verdas innsjøar minkar. Eg tvilar på at det er mange vitskapsfolk som nektar for det.

Men for å seia det slik: Det er ikkje særleg godt underbygt å hevda at dette kunne ha vore unngått dersom me hadde slept ut mindre CO2-gass. Som vel er det du prøver å få fram?

Utlogget kingvald

  • Innlegg: 1.917
Sv: Lukke til med nytt styre
« Svar #6 på: 15. desember 2016, 05:50:59 »
Får ta dette, da, Ingvar: https://kollokvium.no/2016/12/14/klimaforskningens-ti-facts-of-life/#more-7560

Men, det er jo en kjent sak at for en del er evnen til å se skeptisk på egne meninger heller begrenset.


Kjell Ingvaldsen